Bymuseet
i Bergen ynskjer velkomen til prosesjon og opning av utstillinga
“Sankta Sunniva og det heilage skrinet” onsdag 7. september. Sokneprest
Dom Alois Brodersen og elevar frå St. Paul skole vil delta.
Den
7. september 1170 var ein stor festdag i Bergen. Då kom skrinet med Den
heilage Sunniva frå Selja i Nordfjord, og det vart motteke i høgtideleg
prosesjon. Seinare vart 7. september feira som minnedag for denne
translasjonen eller overføringa. Sta. Sunniva var vernehelgen for Bergen
by og Bergen bispedøme i mellomalderen. Skrinet stod i Kristkyrkja,
domkyrkja som låg på det noverande Bergenhus.
Program 7. september 2011:
Kl. 12.40 Oppmøte: Piren ved Zachariasbryggen.
Kl. 12.50 Kyrkjeklokkene i Korskirken og Nykirken ringjer.
Kl.
13.00 Ein kopi av skrinet kjem til Zachariasbryggen, overlevering frå Selje til
Bergen. I seremonien/prosesjonen deltek ordførar i Selje kommune, Gunn
Helgesen, varaordførar i Bergen kommune, Trude Drevland, luthersk biskop
i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, Domkirkens jentekor og Biskopshavn barne
og ungdomskor, Kongshirden 1260, elevar frå St.Paul skole, sokneprest i
St. Paul menighet, Dom Alois Brodersen m.fl.
Kl. 13.15 Avgang prosesjon mot Kristkyrkjetomta/Bergenhus festning.
Kl. 13.30 Kort seremoni på Kristkyrkjetomta.
Kl.
14.00 Opning “Sankta Sunniva og det heilage skrinet” på Bryggens Museum
v/ varaordførar i Bergen kommune Trude Drevland og ordførar i Selje
kommune, Gunn Helgesen.
Utstillinga er eit samarbeid
mellom Bymuseet i Bergen, Bergen Museum, Senter for middelalderstudier
og fleire andre aktørar, mellom dei Selje kommune, Bergen kommune,
Bjørgvin bispedøme og St. Paul menighet, Bergen.
Sjå meir informasjon om utstillinga på Bymuseet si heimeside:
www.bymuseet.no/?vis=875
Les meir om Sta. Sunniva på
Oslo katolske bispedøme si heimeside.