Frå gudsteneste på Kristkyrkjetomta i 2010. Foto: Karen Knudsen |
Vel møtt!
Sankta Sunniva og det heilage skrinet
Utstilling på Bryggens Museum - opnar onsdag 7. sept. 2011. Den lutherske biskopen i Bjørgvin, Bergen Domkirke menighet og sokneprest Alois Brodersen i St. Paul katolske menighet samarbeidar med Bymuseet, Bergen Museum og Selje kommune om opninga. Elevar frå St. Paul vil også delta.
Ein kopi av Sunniva-skrinet (les om skrinet på NRK sitt fylkesleksikon) vert sendt frå Selje mandag 5. september og kjem sjøvegen via Kinn til Bergen 7. september. Ein prosesjon av geistlege kjem frå Korskirken mot Zachariasbryggen, der følget møter båten frå Selje.
Kl. 13.00 vil biskopen og hans følgje ta imot Sunniva-skrinet. Kyrkjeklokkene i byen vil ringe for å markere denne historisk-kyrkjelege hendinga.
Prosesjonen ber så skrinet gjennom byen til Kristkyrkjetomta, der det vil bli sunge, lest heilage tekstar og bede - før prosesjonen går vidare til Bryggens Museum der utstillinga opnar kl. 14.00.
Sunniva-utstillinga skal stå i eitt år.
Les meir om prosesjonen og utstillinga her på St. Paul-bloggen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar