mandag 10. oktober 2011

Konferanse: ORDET - ei tidlaus og grensesprengande kraft?

Teaterframsyninga "Ordet" av den danske presten Kaj Munk går på Den Nationale Scene.
I Bergen samarbeider Den norske kyrkja og teateret tett om ein annleis konferanse. 24. og 25. oktober skal den nye Bibelomsetjinga og teaterframsyninga ”Ordet” av Kaj Munk diskuterast og debatterast.

"ORDET" er ein konferanse om litterære og språklege verdiar i møtet mellom samfunn, kunst og heilage tekstar. Velkomen til samtalar, seminar og kurs! Her møter du ein engasjert flokk av kyrkjefolk, akademikarar, studentar, pensjonistar og folk flest.

Den nye bibelomsetjinga.
Samarbeid mellom teateret og kyrkja
Bjørgvin bispedømeråd i Den norske kyrkje valde i 2010 "ordet" som spesialfelt for kultursatsinga i bispedømet. Dette er bakgrunnen for konferansen som blir prega av biskopen og bispedømet sitt samarbeid med Den Nationale Scene som i år set opp skodespelet ”Ordet” av den danske dramatikaren og presten Kaj Munk, og Det Norske Bibelselskap som lanserer ny bibelomsetjing i oktober.

Teatersjef, biskop og forfattere
I dei to hovudsamtalane møter eit sterkt lag av kompetente fagfolk; mellom anna språkmann Sylfest Lomheim, forfatter Hanne Ørstavik, biskop Halvor Nordhaug og teatersjef Bjarte Hjelmeland.

Dei to hovudsamtalane blir styrt av Hilde Sandvik, kultur- og debattredaktør i BT og Kari Veiteberg, studierektor ved Liturgisk senter i Trondheim.

Seminarer og formidlingskurs
Det blir mange spennande seminar, og du kan også melde deg på til eit spesialsydd kurs i formidling med skodespelarar frå Den Nationale Scene.

Fullstendig program og påmeldingsskjema finn du her: http://www.kyrkja.no/bjorgvin/

Konferansen ORDET er eit samarbeid mellom Bjørgvin bispedøme (DNK), Bibelselskapet, Den Nationale Scene og Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Påmeldingsfristen er utsett til 17. oktober. (Det står 30. september på det elektroniske påmeldingsskjemaet, men det rette er altså 17. oktober.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar